Tryna på skateboard og forstua ankelen dagen før konsert

LAGA LIV: Kjartan Lauritzen var svært populær blant publikum.

LAGA LIV: Kjartan Lauritzen var svært populær blant publikum. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FLORA: Det stoppa likevel ikkje Kjartan Lauritzen frå å hoppe og danse på scena, då han opptredde i Florø fredag.

DEL

– Eg forstua ankelen og knuste mobilskjermen i same «trynen» på skateboard i går, men skjermen er fiksa og ankelen betre, så det gjekk eigentleg heilt fint.

Det seier Per Àki Sigurdsson Kvikne, kjent som «Kjartan Lauritzen». Fredag spelte han og fleire artistar på arrangementet «Hjartebank for Florø» i kystbyen.

– Eg prøvde å unngå å skade nokon då eg hoppa fram og tilbake på gjerdet ved scena, men heldigvis kom vi alle uskadd frå konserten i dag òg, seier artisten.

Les også: Musikk er ein stor del av kvardagen til Eldin, men det er ikkje alle instrument han er like stolt over å kunne 

– Minna meg om «The Walking Dead»

Vanlegvis spelar Lauritzen berre på konsertar med 18-årsgrense, men med ungar heilt ned i barnehagealder i publikum, måtte han trå meir varsamt enn vanleg. Men show, det vart det uansett.

– Kva tenker du om ditt unge publikum?

– Dei er veldig flinke. Eg gav bort armbandet mitt til ein liten gut som grein då han såg meg, og eg har tatt minst 150 selfiar hittil. Publikum imponerte, seier Lauritzen.

Før konserten brukte han tida til å utforske Florø, men var nesten åleine i gatene.

– Det var ekstremt tomt. Broren min Theodor (som var ein del av trioen på scena) sa faktisk: Det kjennest som vi er i ein episode av «The Walking Dead». Eg måtte til og med innom Nille for å kjøpe ein ponni, sånn at det ikkje kjentest så einsamt, seier Lauritzen, som synest Florø er ein fin by.

Stod i kø for Laurtizen

Thea Eliasson (12), Ragni Oline Hesdal Eikevol (12), Silje Sundal Bøe (13) og Emma Sande Øvrebotten (13) var fire av mange Kjartan Lauritzen-fans i hallen.

Nokre av dei hadde venta i over ein time på at dørene til idrettshallen skulle opne. På spørsmål om kven som var dagens høgdepunkt var svaret klinkande klart:

– Kjartan Lauritzen! ropar dei alle i kor.

– Han er råflink!

– Nei, han er ALT, meiner Eliasson.

– Er det nokre songar de håpar litt ekstra på at han syng?

– «Fredag». For det er jo fredag. Og «Havana», seier jentegjengen som hadde sikra seg plassane heilt framme ved scena.

Les også: Trudde dei skulle spele i gata, vart allsong frå storscena i staden

SANG: MGP Junior-vinnarane, Vilde og Anna, framførte sine mest kjente songar under fredagens konsert.

SANG: MGP Junior-vinnarane, Vilde og Anna, framførte sine mest kjente songar under fredagens konsert. Foto:

Artikkeltags