Starta eiga bedrift då ho såg at plastikken i Florø blir brent

UNG LEIAR: Johanne Grønnevik (18) er dagleg leiar for bedrifta GreenPlastic UB.

UNG LEIAR: Johanne Grønnevik (18) er dagleg leiar for bedrifta GreenPlastic UB. Foto:

FLORA: Johanne (18) og medelevane håpar å nå ut internasjonalt.

DEL

Då elevane ved Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 fann ut at plastavfallet i Florø vart brunne, tok dei til handling og starta opp bedrifta GreenPlastic UB.

Dagleg leiar Johanne Grønnevik (18) fortel at dei ønsker å nå ut både lokalt, nasjonalt og internasjonalt om miljøproblema knytt til plast og då spesielt, mikroplast.

Vil nå fram med bodskapen

Elevane har klare visjonar og mål:

– Vi vil først og fremst nå fram med bodskapet vårt: plast er skadeleg for miljøet, og spesielt viktig no i det grøne skiftet. Omstillinga til miljøvennlege løysingar på til dømes plast og mikroplast, er ei av dei største miljøutfordringane vi står ovanfor i dag, seier Grønnevik.

Engasjementet rundt plastikk kom allereie i ein av dei første timane dette året, etter at faglærar Øystein Garfors synte fram filmen «A Plastic Ocean». Deretter kom gruppa med elevar over prosjektet Precious Plastic.

– Dave Hakkens sitt prosjekt kalla Precious Plastic, er eit prosjekt om å resirkulere plast ved hjelp av enkle maskiner. Målet er å spreie bodskapet om resirkulering og få fleire oppmerksame på miljøkrisa vi står overfor. Og ikkje minst gjere det man kan, som enkeltmenneske, for å bidra til ei berekraftig framtid, fortel ho.

På nettsida til Dave Hakkens kan ein sjå alle bedriftene som driv med noko liknande.

– Plast er noko vi som forbrukarar konsumerer i enorme mengder kvar einaste dag. Likevel tenker vi aldri over det som blir gjort med plasten, blir den brunne? Kasta? Resirkulert? Då vi fann ut at plastavfallet i Florø blir brunne, altså ikkje omgjort til noko anna enn brensel og potensielle farlege gassar, måtte vi handle, seier ho.

Skal lage maskin

Sjølv om bodskapet er det viktigaste, har bedrifta ein plan om å lage ei kvern som skal bryte ned plasten til mikroplast. Om alt går som det skal, vil denne stå klar til bruk 12. januar.

– I hovudsak skal vi lage ei maskin som kan resirkulere plastavfall om til unike produkt. Maskina består av fire delar; kvern, kompresjons, injeksjons- og ekstruderingsmaskin, seier Grønnevik.

Sjølv om maskina er forholdsvis enkel og billeg å produsere, treng dei finansiering og samarbeidspartnarar som kan hjelpe.

– Foreløpig har vi ein plan om å lage maskin 1: kverna, og den skal stå ferdig 12. Januar. Deretter ser vi for oss at vi produserer vidare maskiner eller at vi begynner med sal av mikroplasten sjølv. Bodskapet må ut! Det er det viktigaste, avsluttar ho.

Her er dei involverte:

Dagleg leiar: Johanne Grønnevik.

Nestleiar: Njål Eliasson.

Kommunikasjons- og salsansvarleg: Lone Stang og Natalie Mork.

Utviklingsleiar: Elise Refvik Kvellestad.

Organiseringsleiarar: Annelin Værøy og Ingeborg Vik. 

Marknadsføringsansvarleg: Ingalill Stang.

Produktansvarleg: Thea Espeland og Martin Midtø Ulsten.

Økonomiansvarleg: Viljar Ødelien.

Artikkeltags