«99 problems, but we ain’t one» er ein tittel fleire andre russerevyar har valt å bruke, blant dei Førde.

– Vi fekk ikkje sjå Førde sin revy, men har ikkje vanskar for å tru at vår blir betre, seier revysjef Edwina Rossi.

– Vi skal gjere det klart at 99’arane er ikkje eit problem, og er oppteken av at det skal vere kvalitet, legg ho til.

Rundt hundre elevar deltar på revyen med dans og skodespel, medan elevar frå Firda vidaregåande skule står for musikken.

– Vi tok sjansen på å lage showet, og det har vore hardt, men det følast vedunderleg å stå her med eit slikt produkt, seier Rossi og revysjef nummer to, Eivor Ottesen.

Vil vere originale

Revysjefane seier at dei har med nye, originale og morosame sketsjar i revyen, noko som kan vere veldig vanskeleg å få til i ein liten by.

– Vi har brukt mykje tid på å finne vitsar som best skildrar åra våre på Flora vidaregåande. Vi har kanskje nokre like vitsar og idear frå tidlegare russerevyar, men dei er tidlause og endå meir morosame i dag, synest vi.

Revysjefane er spente på responsen frå publikum.

– Vi har passa på at flest mogleg skal få delta og vise seg fram på scena. Russen har vore engasjerte og alle gler seg til å stå på scena i kveld.

Blitt meir samansveisa

Nokre av dei er Andrea Cioaca og Susanne Kvamme.

– Vi har blitt ein veldig samansveisa gjeng, og har kost oss utruleg mykje. Eg føler at alle har fått vere med på å påverke resultatet, seier Cioaca.

Kvamme skal spele seg sjølv, og gler seg.

– Det er magisk! Vedunderleg! Ei oppleving! seier ho og ler.

Russetida har begynt for 99'arane og dei ser fram til tida som kjem.

– No kan mamma sleppe å vaske kleda mine på ein lang stund, seier Kvamme.

Revyen har premiere klokka 18.00.