– Det einaste eg visste var at eg skulle til Norge, og at det var vest i landet. Bergen, Oslo og Tromsø var dei einaste byane eg hadde høyrt om, så eg visste ikkje heilt kva eg kunne forvente, seier Jumpei Maruyama frå Japan.

Hausten 2016 flaug Jumpei frå heimbyen sin Owariasahi city og over til Norge. Etter fleire månadar i Norges vestlegaste by er han positivt overraska. 

– Det har vore over all forventing. Det er kjempefint her! Men om eg skal sette fingeren på noko, så må det vere at det regnar heilt sinnssjukt mykje, seier han og ler.

Norsk merchandise

Litt av grunnen til at Jumpei valde Norge, var fordi han ville sjå nordlyset.

– Eg kom vel fordi eg ville lære ulike kulturar, og så klart for å sjå nordlyset. Eg har dessverre ikkje fått sett det endå, men håpar verkeleg eg får det før eg reiser tilbake til Japan til sommaren, seier Jumpei.

Han går i andre klasse på Flora vidaregåande skule. Frå vertsmora si har han fått ein strikkegenser med både det norske og det japanske flagget på. Den har han brukt ofte, og var sjølvsagt også på under intervjuet.

– Husmora mi har strikka denne genseren til meg. Eg eig også ei hue og ein til genser, seier Jumpei og viser stolt fram genseren.

Han likar å bruke den.

– Dessverre er den veldig varm, så eg brukar den ikkje no. Men på vinterstid brukar eg den veldig ofte. Den viser kven eg er og kvar eg kjem ifrå, seier han.

Festløva sjølv

Før han kom hit hadde han høyrt at nordmenn var sjenerte. Det er han ikkje einig i. Jumpei festa aldri då han budde i Japan, men norsk kultur har vekt hans indre festløve.

– Nordmenn er snille, kule folk som ikkje er sjenerte. Eg vil påstå at japanarar eg mykje meir sjenerte. Her i Norge har eg reist på fleire festar enn eg nokon gong har gjort i Japan, seier han.

Jumpei smiler lurt når eg spør om skulen er vanskelegare i Norge enn i Japan.

– Skulen er mykje lettare her. I Japan er det strengare, og du får ikkje ein gong lov å ha med mobil eller PC på skulen. Problemet er berre at eg ikkje forstår kva dei seier her! Fysikk på norsk er kjemperart! seier han.

Norsken er han ikkje heilt stødig på enno, men engelsk snakkar han flytande.

– Eg kan veldig lite norsk, svarar han på nettopp norsk.

Klassekameratane hans fortel at dei ikkje visste at han ikkje kunne engelsk i starten av året, og prata difor engelsk med han i staden for norsk.

– Då eg kom hit, kunne eg ikkje engelsk i det heile tatt heller. No snakkar eg så å seie flytande engelsk, og eg føler meg veldig heldig som får denne moglegheita til å lære det, for det er veldig få som kan engelsk der eg kjem frå, seier han.