Slik ville Kjartan Lauritzen hindra 2. verdskrig

Publisert

Korleis har du det?

Eg har det bra. Forstua ankelen og knuste skjermen på mobilen i same tryninga på skateboard i går, men ankelen er betre og skjermen fiksa. Så det er bra.

Kva ville du gjort dersom du vann 10 millionar i Lotto?

Å, først hadde eg kjøpt ti Volvo 240. Dei kostar sånn 100.000 kroner per stykk, trur eg. Og så ville eg tatt med meg gjengen på ei aude øy med strand og laga fest. Og så ville eg gitt vekk éin million til familie, og kjøpt meg eit hus. Og så ville eg kjøpt ein sånn dyr, sjeldan gitar til pappa og noko kjempefint til mamma og så til kjærasten min, sjølvsagt. Og så hadde eg spart resten.

Når var du sist redd?

Det var i dag faktisk på flyet til Florø. Du veit i krigsfilmar når det er masse vind og så ser du flyet nærmast snur seg frå side til side? Sånn var det. Flyet tok til og med ein u-sving før det landa. Eg likar ikkje å fly sånn generelt, men har blitt meir vand til det no. I dag derimot, var eg dritredd. Og så var eg åleine i tillegg.

Når laug du sist?

Tre gongar til «Adeo» og to gongar til Teddy berre i dag. Men eg kan ikkje seie kva det var, no når dei sit her.

SQUAD: Kjartan Lauritzen opptrer alltid saman med artisten Adeo (i midten) og bror sin og DJ Theodor «Teddy» Sigurdsson Kvikne (til høgre).

SQUAD: Kjartan Lauritzen opptrer alltid saman med artisten Adeo (i midten) og bror sin og DJ Theodor «Teddy» Sigurdsson Kvikne (til høgre). Foto:


Kven er forbildet ditt?

Det må bli Eyvind Hellstrøm, kjem det frå Teddy.

Mitt forbilde er Logic (rappar), seier Adeo.

Akkurat no er det Yung Hurn, ein austerriksk rappar og kunstnar, han diggar eg, seier Lauritzen.

Viss du kunne skrudd tilbake tida – kva ville du gjort?

Eg ville avvæpna 2. verdskrig utan å drepe nokon. Det hadde eg gjort ved å ta over sjefsstillinga på kunstnarskulen Hitler søkte på, og godkjend han, slik at han hadde vorte kunstnar i staden for nazist.

Og så ville eg gått tilbake i tida og laga Apple før Steve Jobs.

Fortel noko ikkje alle veit om deg

At eg var med i eit trash-metall-band på vidaregåande, som heitte Ungrateful.

At Teddy eigentleg er ein seriøs 30-åring som dagleg går i dress.

At eg gjekk på høgskule med Adeo i to år, og at det var der vi møttest. Førsteinntrykket mitt av han var «Oi, han der kunne slått meg ned, han der er farleg, liksom».

Kva synest du om Florø?

Det er veldig fint her. Veldig fint.

Kva er det siste mobilbilde du tok?

Eg tok bilde av ein Lexus her i Florø fordi eg har nokon kameratar som har ei gruppe som heiter Loui & Lexus og så syntest eg det var så kult. Men det siste bildet mitt er ein selfie av Adeo, seier Lauritzen.

Mitt siste bilde er av drakta til Eirik Skaasheim, som er den beste spelaren på Sogndal. I tillegg er han frå Balestrand, seier bror Teddy.

Kva er den beste konserten de har hatt?

Nr. 1 Malakoff 2017

Nr. 2 Slottsfjell 2017

Nr. 3 Slottsfjell 2016

Artikkeltags