tor-magnus øvreås, flekke.
Marie HøGseth Felde

Tor-Magnus får ikkje snop før han har jakta på påskeegget

Publisert

Påska til Tor-Magnus Øverås (15) frå Flekke består av tre ting: skrekkfilmar, påskekrim og godteri.

Kva betyr påska for deg?

For meg betyr påska å ha fri frå skulen, og det at eg kan vere sosial med vener, familie og kattane mine. Dagane går stort sett i skrekkfilmar, påskekrim og godteri.

Når er det innanfor å ete av påskeegget?

Eg må leite etter påskeegget mitt på påskeaftan, så for meg er det ikkje innanfor å ete av egget før då.

Kor skal du vere i påska?

Eg skal vere heime i heile påskeferien, men eg kjem til å reise på besøk til besteforeldra mine, venner, og litt rundt omkring. Eg skal også jobbe litt heilt i byrjinga av ferien.

Kva får deg i skikkeleg påskestemning?

Å sitte med besta og bestefar nede i stova og sjå på påskenøtter, mens dei noterer svara på ei gammal papiravis. Det får meg i skikkeleg påskestemning.

Kva er din favoritt-påsketradisjon?

Påskeegg, lett!

Legg oss til på Snapchat då! :)

Legg oss til på Snapchat då! :) Foto:

 

Når laug du sist?

Då eg sa til mamma at middagen ho lagde før i dag var god.

Kva var det siste du googla?

«Vanilla caramel strawberry Starbucks frappuccino with extra chocolate».

Kva var den siste songen du høyrde på?

«Twitter fingers – at Wendy´s». Eg synest det er tøft at hurtigmatkjeda «Wendy´s» vel å komme ut med album på Spotify. Det gir kjeda ein personlegdom. Eg har lagt til alle songane på spelelista mi.

Kva for kjendis kunne du tenkt deg å gå på date med?

Eg kunne tenkt meg å gå på date med ung.no-stjerna Rakel Måseide Hamre, fordi ho er inspirerande og tøff. Ho verkar som ei utruleg kul jente. Ho aksepterte veneførespurnaden min på Facebook i går. Vi vinka til kvarandre.

Kva er du mest redd for?

Eg elskar å sove, men eg er livredd for å hamne i søvnparalyse. For kven er ikkje redd for det? Det verkar heilt forferdeleg å berre ligge i ro utan å kunne gjere noko. Tenk så skummelt.

 

Artikkeltags