Fattig student? Vi har snakka med to ungdommar som har gode tips til å spare pengar

Sara Solberg Losnegård (18) og Mathilde Engeset Haugen (17) delar sine tips til å overleve økonomisk som ung.

Sara Solberg Losnegård (18) og Mathilde Engeset Haugen (17) delar sine tips til å overleve økonomisk som ung. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

UNG: Ny mobil, utveksling, bil. Det er mykje ein ønskjer seg som tenåring, og det meste kostar pengar. Vi veit kor vanskeleg det kan vere å spare, og har snakka med to ungdommar som veit råd:

DEL

– Når ein bur på hybel, går det mest pengar til mat.

Det seier Sara Solberg Losnegård (18), som bur på hybel på Sandane. Ho kjem frå Hyllestad, og har no budd for seg sjølv i to og eit halvt år. Hennar beste tips for å spare pengar når du bur på hybel er å lage ei middagsordning.

– Byt på å lage middag

– Vi bytar på å lage middag i vekedagane. Middag er jo det dyraste måltidet i løpet av dagen, så ein sparar mykje viss det er kvar sin tur til å lage middag til alle, seier Losnegård.

Ho fortel at det var litt utfordrande å handtere sin eigen økonomi i byrjinga, men at ho fort lærte seg kva som var lurt, og kva ein måtte unngå.

– Eg er nøye på å ikkje la meg lokke til å gå i kantina for ofte. 

Losnegåd sparar til eit spegelreflekskamera, men syns det er vanskeleg å nå målet:.

– Dei fleste pengegåvene eg får går rett på sparebøssa, men det er enno eit stykke til kameraet. Det hadde sikkert gått litt betre om eg hadde hatt eit budsjett eller ein plan, seier ho og ler litt.

Sparar til folkehøgskule

Mathilde Engeset Haugen (17) bur heime hos foreldra sine, og går 3. klasse på idrettslinja på Sandane.

– Eg er rett og slett litt giddelaus, seier ho.

Ho legg alle pengane ho tener over på ein sparekonto, men når ho eventuelt har noko til overs, tenker ho ikkje noko særleg over korleis ho brukar dei pengane.

– Har eg lyst på ein sjokolade, så kjøper eg det. 

Haugen sparar først og fremst til folkehøgskule.

– Eg prøver å legge av litt pengar slik at eg kan gå på den folkehøgskulen eg har lyst til. Nokre folkehøgskular kostar jo meir enn det ein får av lånekassa. Eg har ikkje lyst til å måtte avgrense meg på grunn av det. 

Her er Firda Ung sine seks tips til sparing:

1. Sett deg eit mål

Har du eit mål? Ønsker du deg noko spesifikt, eller har du sat ein eventuell prisklasse på det du ønsker deg? Når ein har eit mål er det enklare å jobbe mot det, fordi det ligg mykje motivasjon i å vite kor langt ein er kommen på vegen.

2. Sett av ein fast sum i månaden

Viss du har ein jobb ved sidan av skulen, eller får ein fast sum av foreldra dine, kan det vere lurt å legge inn eit fast trekk på sparekontoen til dømes ein gong i månaden. Då vil sparinga gå jamt og trutt, og du vil ikkje falle for freistinga å spare litt mindre ein månad fordi du berre må ha den kjolen eller må ha det nye spelet til Nintendo Switch.

3. Slutt med usunne og dyre vanar

Det er inga nyheit at snusing og røyking er pengesluk. Viss det går tre snusboksar i veka, kostar det rundt 15.000 kr i året. Du tenker kanskje ikkje over dei 100 kronene når du står i kassa på butikken, men det blir ein del pengar på eit år. Sjølv om det er krevjande å slutte med avhengigheitsskapte vanar, lønar det seg i lengda. Ein god motivasjon kan vere å sette dei pengane du sparar rett inn på sparekontoen, til dømes i slutten av kvar veke.

4. Kjekke aktivitetar treng ikkje koste pengar

Når ein vil finne på noko med vener, er det lett å tenke at det enklaste er å gå på kino eller stikke på restaurant. Der går det lett eit par hundre kroner for billettar og snacks eller middag. Det finst mange kjekke ting ein kan finne på som ikkje kostar noko. Om sommaren kan ein bade eller samle ein gjeng og leike «Boksen går» i parken. På vinteren kan ein ake, eller ha snøballkrig. Filmkveld heime kan også vere like koseleg som å gå på kino.

5. Nye klede finst ikkje berre i butikken

Når dei nye trendane for sesongen byrjar å melde seg, er det mange som spring til butikkane. I haust er det blant anna boblejakke, fargen raud, og blazer med mannleg snitt som gjeld. Alt dette er trendar som har vore før, men som no er blitt fornya. Ein tur på loftet til bestemor eller pappa kan avsløre mange skattar. Ein må kanskje leite gjennom mange turndrakter og sveitteband, men eit og anna bra funn finn ein alltids.

6. Trekk ein fast sum til sparekontoen for kvar gong du nyttar kortet

Nokre bankar har ei ordning som gjer at banken kan trekke ein fast sum og flytte den til sparekontoen kvar gong du nyttar kortet. Du bestemmer summen sjølv, men hugs at også ein liten sum som 10 kroner fører til at sparekontoen veks på ein månad.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken