Ung mann tatt i 130 km/t, nekta å gi frå seg lappen

Ein sjåfør i 20-åra vart stoppa då han suste langs E39 torsdag ettermiddag.

DEL

Torsdag klokka 13.16 vart ein ung sjåfør stoppa av politiet på E39 gjennom Romarheimsdalen.

Føraren, ein mann tidlig i 20-åra, vart målt til ein fart på 130 km/t i 80-sona.

– Han vart fråteken førarkortet, men han samtykte ikkje, seier lensmann i Nordhordland, Kjell Idar Vangberg til avisa Nordhordland.

Sjåføren er dermed meld til politiet, og saka vert teken vidare til retten.


Artikkeltags