Gå til sidens hovedinnhold

Ung mann meldt forsvunnen i sjøen i Lærdal – funnen av dykkarar

Artikkelen er over 1 år gammel

Redningsskøyte, redningsdykkarar, luftambulanse og redningshelikopter vart sendt til Lærdal. Den sakna mannen er no funnen og sendt til Haukeland.

Klokka 16.26 onsdag melde AMK om ein mann som har blitt borte frå venene sine i Lærdal. Han var sist sett i sjøen framfor Lærdal hotel, og ifølgje politiet er dette opplyst å vere i samanheng med bading.

Naudetatane er framme og søker no i området. Redningsskøyte, redningsdykkarar og redningshelikopter og luftalbulanse er på veg til staden.

Politiet melder at det er ukjent eksakt kor langt personen har vore frå land då han sist vart observert. Dei har heller ingen opplysningar om kva som har skjedd i forkant av hendinga.

SISTE: Politiet har no fått opplyst at den sakna er funnen. Han vart funnen av dykkarar klokka 17.22. Hjerte- og lungeredning vart då starta.

Personen er no flogen til Haukeland sjukehus i luftambulanse. Tilstanden skal ikkje vere kjent for politiet, og det er heller ikkje kjent kor langt frå land og kor djupt i sjøen han vart funnen.

Mannen, som seinare blir meldt å vere i slutten av tenåra, er heimehøyrande i Lærdal. Pårørande er orientert, og det er også kommunen. Det vil bli etablert kriseteam.