Ung mann funnen i god behald etter leiteaksjon. Forsvann då han var på veg heim med kameratane

DEL

Vest politidistrikt takkar frivillige mannskap etter ein leiteaksjon på Nordfjordeid i Stad kommune.

Søndag formiddag melder politiet at leiteaksjonen er avslutta etter at den sakna vart funnen i god behald.

Den som var sakna er ein mann i 20-åra, som forsvann frå kameratane sine natt til søndag.

– Vi har kalla ut både Røde Kors, brannvesenet og Norske Redningshunder for å bidra i søket, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.

Forsvann på veg heim

Den siste observasjonen av den sakna var mellom klokka 02.00 og 02.30 natt til søndag.

– Mannen var på veg heim frå ei privat adresse saman med kameratane sine. Dei oppdaga plutseleg at han var vekke, seier

Knappen seier dei vurderte å sette inn helikopter i søket, men sidan dette er eit tettbygd område ville ikkje dette vere effektivt.

Artikkeltags