Gå til sidens hovedinnhold

Ung gut påkøyrd i Måløy

Nødetatane på veg til staden.

Nødetatane er på veg til staden etter melding om ei trafikkulykke i Måløy. Meldinga kom inn klokka 14.07. Ein ung gut skal vere påkøyrd av ein bil. Guten skal vere medviten, men skadeomfanget er ukjent, melder Vest politidistrikt.

– Vi er ikkje framme enno, og eg veit ikkje så mykje enno. Det ser ut som ambulanse akkurat har kome til staden. Vi er ein halvtime unna, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, seier Steinar Hausvik til Firda.

14.21 oppdaterer politiet på Twitter:

– Ambulanse har vore på staden og har tatt med seg guten til legekontoret, skriv dei.

14.44 er politiet på staden, melder politidistriktet.

– Han framstod vaken og medviten, seier Eirik Loftesnes, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Firda.

Påkøyrsla skal ha skjedd medan guten sykla i vegbana. Ein mann i 60-åra køyrde personbilen.

Politiet opprettar sak, men ingen av partane har status som mistenkt, opplyser Loftesnes.

Kommentarer til denne saken