Gå til sidens hovedinnhold

Under 100 testa seg måndag

Måndag 22. februar analyserte Helse Førde 94 prøver. Ingen av dei var positive, melder helseføretaket tysdag morgon. Dette er tredje dag på rad der det ikkje er registrert ny smitte i vårt område.

Helse Førde skriv at det er opp til kommunane sjølve å bestemme kvar dei vil sende koronaprøvene sine. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus.

Kommentarer til denne saken