Gå til sidens hovedinnhold

Slik enda køyreturen

Artikkelen er over 6 år gammel

Bil med to passasjerar i trafikkulykke

Ein bil med to personar i køyrde av riksveg 5 ved Tonheimstranda like vest for Eikefjord søndag ettermiddag.  Politiet fekk melding om ulykka 12.39.

Bilen knekte ein del rekkverksstolpar før den gjekk igjennom rekkverket og hamna i ei stikkrenne på oversida av vegen. Brannvesen, helse og politi var på staden etter ulykka.

Ein kvinneleg passasjer klaga over smerter i kroppen, melder operasjonssentralen.

- Men vi har fått melding om at det berre var lettare skader, seier politiet til firda.no søndag kveld.

Bilen var på veg vestover då hendinga fann stad. Ifølge politiet er det ikkje mistanke om rus. Det var våt asfalt og over 5 grader på staden.

Politiet har kverrlagt førarkortet mellombels.