Joggar i mørket skremde hestar – Elisabeth fall av og braut nakken

Elisabeth Sande ligg no på Førde sentralsjukehus med nakkebrot, etter ulykka måndag kveld. – Heldigvis hadde eg hjelm. Det er vi alltid nøye på, seier 24-åringen, som her får assistanse frå sjukepleiar Sara Nygård Reksten

Elisabeth Sande ligg no på Førde sentralsjukehus med nakkebrot, etter ulykka måndag kveld. – Heldigvis hadde eg hjelm. Det er vi alltid nøye på, seier 24-åringen, som her får assistanse frå sjukepleiar Sara Nygård Reksten Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

– Eg vart kasta av hesten og ramla midt på asfalten. Eg slo meg på hofta, og fekk eit brot i nakken. Heldigvis hadde eg hjelm på.

Det fortel Elisabeth Sande (24), etter at ho og to ridevenninner var ute for ei rideulykke nær stallane på Vie måndag kveld.

Ulykka skjedde då hestane deira, Olaien, Lukas og Gråen, vart skremde i møte med ein mørkkledd joggar på veg ned mot sentrum.

Erfarne hestar

Sande fortel at dei tre fjordhestane var leia av ein erfaren hest, og at dei alle er vande med vegen, trafikk og folk. Men det at dei ikkje såg joggaren før han var rett framfor dei, gjorde dyra overraska og redde.

Elisabeth sin hest, Olaien, kasta seg bakover og la på sprang saman med dei to andre vel 30 meter, før den trefte ein parkert bil. På ryggen sat Elisabeth, då allereie halvvegs kasta av salen. Då hesten trefte bilen, knuste hesten bakruta og vart kutta til blods.

I samanstøyten ramla Elisabeth i asfalten. Sjølv hugsar ho lite frå sjølve fallet, men ho hugsar redselen då ho såg den knuste bilruta.

– Det var ekkelt. Eg var svært redd for kva skadar Olaien hadde fått, seier 24-åringen, som måtte hentast av ambulanse etter hendinga.

Hesten hennar hadde fått fleire større kutt i bringepartiet, og måtte ha hjelp av veterinær.

Tre av tre skadde

I ridefølgjet var også Karoline Aamot (15) og Tiril Korneliussen (17). Også dei vart skadde i situasjonen.

Karoline Aamot fall av sin hest, skadde nakken og fekk knekt ei stortå. Som Elisabeth måtte ho på sjukehuset. Der venta gips og nakkestøtte.

– Det var skummelt. For etter eg fall av, høyrde eg smellet då Elisabeth sin hest trefte bilen, seier Karoline.

Sjølv fall ho av sin hest allereie då den vart skremt og snudde.

Då ho ramla av, måtte ho ta seg for med henda rett i grusen ved asfalten, som ho trefte etterpå. Tåa hennar vart broten, men i adrenalinrushet merka ikkje 15-åringen dette.

– Først etter at ho hadde vore med på å leie hestane tilbake til stallen, merka ho tå- og nakkemertene.

Tiril Korneliussen var den einaste av jentene som greidde å halde seg på hesten, men ho måtte klamre seg fast alt ho greidde for ikkje å falle av i farten.

Då hesten gjorde eit byks, sat armen hennar fast i salen. Det gjorde at ho fekk skuldra ut av ledd, men i farten small den også på plass igjen. Sjølv fortel Tiril at ho ikkje merka dette, grunna alt adrenalinet.

– Men det går heilt fint med skuldra no, seier ho.

– Gjer deg synleg!

17-åringen skriv også hesteblogg, og etter hendinga var ho tidleg ute og delte sine opplevingar i samband med ulykka. Alt ifrå ubehaget med situasjonen, og den gode hjelpa dei fekk frå folk som var i nærleiken då situasjonen skjedde.

– Eg gjorde det fordi ein les ofte om slike ulykker, utan at nokon viser omsyn likevel. Eg ønskte at folk som bur her i Førde skulle få lese dette, og ta dette til seg, då det er mange som driv med hest her i Førde, seier ho.

Dette er alle dei tre hesteryttarane samde i. Og no ynskjer dei å dele si historie vidare for å hindre at noko slikt skjer andre.

Deira oppfordring er enkel: Gjer deg synleg når du er på tur, og møter du hestar, ta deg tid til å gå roleg så du ikkje skremmer dei.

– Stopp gjerne opp, og la hestane sjå og helse på deg. Dette har vi gjort ofte, og då held dei seg rolege, seier Elisabeth Sande.

Dei vil samstundes takke for all hjelpa dei fekk av stalleigarane, ambulansepersonellet, og dei andre som hjelpte til etter ulykka.

Ridd i 15 år – aldri opplevd liknande

Elisabeth Sande har ridd i 15 år. Ho har aldri opplevd ei ulykke som dette før.

– Vi har alltid på oss hjelm, og er svært nøye på dette. Ein veit jo ikkje kva som kan skje, seier ho.

Ho har det etter forholda bra, men trur at det kunne set verre ut, utan hjelm.

Hesten hennar, Olaien, får no medisinar og held på å bli betre. Dei tre ryttarane er glade for at det trass i alt gjekk så bra som det gjorde. Men dei ønskjer ikkje å oppleve liknande att. Verken for seg eller andre.

– Vi er også veldig spente på om hestane no vil vere redde for bilar framover, seier 24-åringen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken