Person skadd etter å ha bora i gammalt sprengstoff

Artikkelen er over 2 år gammel

SELJE: Ulykka skjedde under boringsarbeid på laurdag.

DEL

Det var NRK Sogn og Fjordane som først skreiv om saka.

Det var laurdag klokka 16.50 at politiet fekk melding om arbeidsulykka ved Strandanipatunnelen. Tunnelen ligg på fylkesveg 633 i Selje kommune. Ulykka skal ha skjedd klokka 16.05.

– Det var under arbeid i tunnelen, at to personar bora på gammalt sprengstoff. Sprengstoffet har sannsynlegvis lege igjen frå ei tidlegare sprenging, opplyser Tatjana Knappen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Ho kan fortelje at begge personane blei køyrd til legevakta for sjekk. Ein av dei fekk lettare skader, mens den andre kom unna utan skadar.

– Det er steinsprut som har treft han i foten. Det var ingen brannskadar som ein ofte forbind med slike ulykker. Arbeidet blei stansa som følge av ulykka. Arbeidstilsynet er varsla og politiet har oppreta sak, avslutta Knappen.

Artikkeltags