Kvinne treft av steinras – frakta til sjukehus i Sea King

Artikkelen er over 2 år gammel

SELJE: Ei kvinne er treft av eit steinras i Moskleiva. Ho er skadd i hoftepartiet, men er no frakta til sjukehus, trass i tåke og utfordrande redningsforhold.

DEL

På Moskleiva i Hoddevika har det gått eit mindre steinras. Det melder Vest politidistrikt på Twitter like over klokka fem fredag ettermiddag.

Hendinga skal ha skjedd klokka 16.17, ifølge Helse Førde AMK.

Del av turfølgje

Ei utanlandsk kvinne vart råka av ein av steinane som kom ned med raset, og kvinna var i eit følge på to då ulykka hende.

Naudetatane er no på veg til staden, og politiet melder om tåke i området.

Selje Røde Kors og sea King bistår politi og ambulanse med å få kvinna ned frå fjellsida.

Klokka 17.33 melder politiet at tåka gjer at Sea King-helikopteret ikkje kjem seg heilt fram til ulykkesområdet. Ein lege og ein redningsmann er difor fira ned eit lite stykke unna, og skal derifrå komme seg fram til kvinna.

Kvinna er medviten, men skal ikkje vere fastklemd. Ho har skade i hoftepartiet, og treng assistanse for å li redda ut, melder politiet.

Har fått sikra kvinna på båre

Klokka 18.13 har redningsmannskapet komme seg ned til kvinna. Den skadde er bevisst, og dei har fått sikra ho på båre.

– Sea King ser no ei opning i tåka, slik at dei no prøver på ei direkte utheising av kvinna, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust i Vest Politidistrikt.

Klokka 18.29 er kvinna på veg til Sentralsjukehuset i Førde, melder politiet på Twitter.

Artikkeltags