Gå til sidens hovedinnhold

Ulykke på E16 i Aurland

Politiet melder om at det har skjedd ei trafikkulykke på E16 mellom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i Aurland.

To bilar er involvert i ulykka.

Eivind Hellesund ved operasjonssentralen seier det er ein bil som har kome over i motsett køyrefelt. Inn til vidare er begge tunnelane stengde. Han seier det truleg er 80-sone på ulykkesstaden.

Det er ein person i kvar av bilane. Det blir meldt at ingen er fastklemt, og at begge er medvitne.

Naudetatane er på veg.

Firda kjem tilbake med meir

Kommentarer til denne saken