Klokka 13.45 fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Eikefjord i Kinn kommune. Det melder Vest politidistrikt.

Ulykka skal ha skjedd på Fv. 611 i Eikefjord.

– Vi har fått melding om ei singelulykke. Bilen skal ha køyrt utfor vegen og hamna på taket, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Knappen fortel at sjåføren er vaken og ute av bilen.

– Vedkommande har ikkje vore medvitslaus og er tilsnakkande.

Politi, brannbil og ambulanse er på veg mot staden, opplyste ho like etter klokka 14.00.