MC-ulukke i Stryn

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: Kvinne i 60-åra lettare skadd.

DEL

Klokka 12.20 søndag melde Helse Førde (AMK) at ein motorsyklist var påkøyrd av ein bil i Stryn sentrum. To ambulansar, lokal lege og luftambulanse rykte ut.

Klokka 13.00 vart den kvinnelege passasjeren, som sat bakpå motorsykkelen, sendt med luftambulanse til sjukehuset i Førde.

Ulukka skjedde i eit kryss der motorsykkelen kom inn på rv. 15, medan personbilen skulle køyre inn på rv. 15 frå ein sideveg, melder politiet.

Kvinna som vart sendt til sjukehuset i Førde er lettare skadd.

Artikkeltags