Utforkøyring mellom Vassenden og Svidalsneset

UTFORKØYRING: Ein blå pickup har køyrd av vegen mellom Vassenden og Svidalsneset.

UTFORKØYRING: Ein blå pickup har køyrd av vegen mellom Vassenden og Svidalsneset.

Like før drog ein bil av vegen også i Våtedalen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Klokka 18.10 søndag melder politiet om at eit einsleg køyretøy med ein person har køyrt av vegen mellom Vassenden og Svidalsneset på E39/rv. 5 i Jølster. Naudetatane er framme på staden.

Vitne på staden opplyser om at det er ein blå pickup med last på planet som har hamna utfor vegen i ein slak sving.

Førarkortet beslaglagt, saka blir etterforska

Ifølgje operasjonsleiar Marianne Føleide er førar av bilen ein mann i 20-åra. Han blir frakta til lege for sjekk. Det er ikkje mistanke om promille, men politiet har beslaglagt førarkortet.

Saka vil bli etterforska, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om utforkøyringa kl. 17.54.

Utfor E39 i Våtedalen

Berre nokre minutt før det, fekk politiet også melding om utforkøyring i Våtedalen. Bilføraren, som var åleine i personbilen, er ein mann i 20-åra. Han skal ifølgje politiet vere uskadd. 

Artikkeltags