Gå til sidens hovedinnhold

Ukjent Nikolai Astrup-verk funne i USA

Ingen har hittil kjent til verket «Grå vårkveld og blomstrande frukttre» frå 1909. Oppdaginga får ekspertar til å skjelve av begeistring.

– Vi har ganske god kontroll på kor Astrup sine bilde oppheld seg. Men i prosessen med å lage utstillinga dukka det opp andre private samlingar som vi ikkje visste om, fortel Petter Snare, direktør ved kunstmuseet KODE i Bergen til NRK.

Det er oppdaga 13 nye verk av Jølster-kunstnaren i samband med forsking, som har vore ein del av førebuingane til ei utstilling i Massachusetts i USA. Dei fleste av desse er trykk av allereie kjende motiv. Men heilt utav det blå dukka det opp eitt måleri med eit motiv som ingen visste om.

– Det er ikkje ofte det dukkar opp ting av Astrup som vi ikkje har sett før, seier Snare.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken