Gå til sidens hovedinnhold

UDs globale reiseråd blir fjerna frå 1. oktober

Reiserådet som frårår reiser som ikkje er strengt nødvendige til land utanfor EU/EØS, Storbritannia og Sveits, blir ikkje forlengde når det går ut 1. oktober.

– Det er ikkje lenger grunnlag for eit slikt globalt reiseråd. Vi går no tilbake til å gjere ei vurdering av om kvart enkelt land skal ha reiseråd, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Pandemi- og helsesituasjonen skal vere del av vurderinga, saman med tryggleiken i landet.

Søreide oppmodar folk til å laste ned den nye appen Reiseklar, som gir tilgang til reiseråd, reiseinformasjon og reiseregistrering på éin stad.

Kommentarer til denne saken