– Dette er stort for alle dei sportsinteresserte lesarane våre. Aldri før har vi vore i stand til å sende så mange kampar som vi kan no.

Det seier Firda-redaktør Kai Aage Pedersen etter at det torsdag vart kjent at TV2 og Amedia har gjort ein avtale som betyr at over 5.000 fotball-, handball- og ishockeykampar no blir tilgjengeleg for Amedia sine abonnentar og på TV 2 Play.

Historisk avtale

I 2020 sikra TV 2 seg rettar til norsk fotball for perioden frå 2023 til 2028, og dessutan rettane til norsk handball og ishockey ut 2030. No får dei med seg Amedia på laget i eit samarbeid som skal gjere det enklare for folk å sjå fotball, ishockey og handball på divisjonsnivå frå heile landet.

På Ullevaal stadion markerte Amedia og TV 2 i dag avsparket for eit samarbeid som gir historisk brei dekning av norsk idrett. Den nyetablerte partnarskapen betyr at Amedia, i tillegg til TV 2 skal vise alle kampane frå OBOS-, PostNord- og Norsk Tipping-ligaen og dessutan 4. divisjon for herrar. Det same gjeld for Noregsmeisterskapen for herrar (cupen) og aldersbestemte landslag.

– Dette er ein perfekt match som kombinerer TV 2s sportsposisjon med Amedia sitt sterke nærvær over heile landet. Dette er ei god avtale for både Amedia og TV 2, men publikum og norsk idrett blir dei største vinnarane. Dette sportstilbodet skal sjå dagens lys før neste sesong, og vi går nå i gang med førebuingane, seier Olav T. Sandnes og Anders Møller Opdahl i ei felles utsegn.

Limet i lokalsamfunnet

Ein viktig del av samfunnsoppdraget til Amedia sine aviser er å følge lokale utøvarar og lokale klubber.

– Vi er stolt av å ha sikra oss viktige rettar innan fotball, handball og ishockey for vårt publikum, og eg vil særleg trekke fram OBOS-ligaen som eit viktig tilskot til vårt tilbod – fordi lokalavisa og den lokale klubben er limet i lokalsamfunn i hele Norge. Vi har også satsa på Direktesport, som del av innhaldstilbodet, og opplever stor interesse frå våre abonnentar. No ser vi fram til å vidareutvikle produktet og brukaropplevinga saman med TV 2, seier Opdahl.

– Vi i TV 2 har ein ambisjon om å skape éin heimebane for norsk idrett, men dette kan ingen gjere aleine. Nå har vi fått den beste partnaren vi kan ønske oss på divisjonsfotball, norsk handball og ishockey. Samspelet mellom TV 2 Play og Direktesport vil gi supportarar over hele landet moglegheit til å følge sine favorittlag og klubbheltar på ein helt ny måte. Det er lov å glede seg i dag, seier Sandnes.

Unikt tilbod til publikum

Rettane blir forvalta av Fotball Media på vegner av Norsk Toppfotball og Noregs Fotballforbund. Pål Bjerketvedt, generalsekretær i Noregs Fotballforbund (NFF) meiner avtalen vil bidra til å styrke fotballinteressa i Norge.

– NFF er glad for at vi gjennom denne avtalen får ei brei visning av kampar helt ned til 4. divisjon – noko som er unikt i norsk samanheng. Vi er overtydd om at det vil bidra til å styrke fotballinteressa lokalt over heile landet. Avtalen sikrar også ei brei distribusjon av aldersbestemte landskampar, noko som er viktig for NFF og mange ute i Fotball-Norge som ønsker å følge våre største talent, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt i NFF.

Bjerketvedt legg til at fotballen høyrer hele landet til og at det derfor er hyggeleg og naturleg at Amedias mange lokalaviser får tilgang til populært redaksjonelt innhald som fotball er.

Bygget ville ikkje skape unødig hinder for utsikt, sa kommunen