TV 2 melder at Hurtigruta-skipet «Richard With» har grunnstøtt i Ytre Steinsundet i Solund kommune.

– Vi er kjent med at ein båt har grunnstøtt i Steinsundet. Vi har ingen informasjon om at den tar inn vatn, og vi har heller ingen indikasjon på at nokon er skadd, seier Per Hogneland, redningsleiar i HRS til TV 2.

Ifølge MarineTraffic, ein sporingsteneste for havfartøy, var skipet på veg frå Hareid til Bergen.

Vest politidistrikt melder at fartøyet skal stå stabilt og at det er uvisst om det kjem vann inn.

Alle naudetatar er på veg til staden.

Firda oppdaterer saka.