Nokon som treng dopapir?

Det er berre å ta kontakt. På loftet i tomannsbustaden vår på Ytre Hafstad er det store førekomstar av nettopp dopapir. Heilt middels kvalitet, rett nok. Men nok til at familien aldri treng å vere urolege for å gå tom.

Det er heldigvis slutt på søte karamellar og småkaker, som gjekk ned på høgkant i periodar med lågt blodsukker.

Neste skot på dugnadsstammen er sokkar, og no les eg også i NRK Vestland at det er vaskeklutar på veg. Dopapir, sokkar og fiberklutar.

Eg har aldri vore nominert til frivilligheitsprisen, og kjem nok aldri til å bli det heller. Men som korps- og volleyball-far har eg hatt mine dugnadstimar. Eg har også vore med og organisert dugnader, og veit kor utfordrande det er å skaffe nok folk på dugnad for på den måten å sikre nok inntekter for at korpset skal ha pengar til instrument og uniformer.

Alt kostar pengar. Mykje pengar. Og for at alle skal få vere med må prisen for å delta haldast lågast mogleg.

Og det måtte skje. No er det eit opprør på gang. NRK skriv at foreldre etterlyser den gode gamle dugnaden der foreldre til dømes kunne møte opp på skulen og måle ein vegg, drive med husvask eller bake kaker – for på den måten å sikre pengar til fotballaget til yngstemann.

Ein av dei største seljarane i Sunnfjord er Førde Idrettslag. Som i alle idrettslag er det tøffe tak for å få endane til å møtast. Dagleg leiar Per Øyvind Storevik i idrettslaget seier til NRK at det kan bli meir slikt sal i framtida:

– Om du tek ei avstemming på det, så tippar eg mange ikkje er så gira. Men folk er lojale og veit vi gjer dette for å få inn pengar til laget, seier han.

Eg kjem ikkje til å melde meg på det gryande opprøret. Eg heiar på alle dei som gjer ein uvurderleg innsats for at det frivillige organisasjonslivet. Dette noko av det vi verkeleg kan vere stolte av i det norske samfunnet. Eg tek imot alle dei dorullane som måtte komme, og prisar meg lukkeleg over å sleppe kakebaking eller måling av skuleveggar frå toppen av ein vaklevoren stige, for den saks skuld.

Der har du meg!

Til alle dei som tek på seg verv i organisasjonar som skaffar seg inntekter frå dette dopapiret: Hald fram med det! De skal ha verdas beste samvit. Inntil nokon legg på bordet ein betre måte å skaffe pengar på, er dette ein heilt OK måte å drive dugnadsarbeid på.

Til alle som har pengar og får dopapirseljarar på døra: Kjøp! Dette er ditt vesle bidrag for å halde i gang ein viktig del av samfunnet vårt.

Elles prisar eg meg lukkeleg over at tida ser ut til å vere forbi for desse loddbøkene. No er loddsalet flytta til Facebook. Sist veke kjøpte eg digitale lodd frå niesa mi i Oslo som spelar handball.

No ventar eg i spenning på premien.

Innspel frå vingen heilt på tampen: David Antonsen, journalist i Firda, som av og til har bra ting føre seg, har eit bra forslag til lag og organisasjonar som skal selje ting:

Lyspærer. Det manglar eg alltid! Det vil eg at nokon skal komme på døra mi og selje!

Nokon som tek ballen?