Glødande engasjement for sentrum

Trine Levanger er mellom dei som ønskjer meir handel, liv og røre i Førde sentrum. Mellom anna stilte ho spørsmål om ikkje garasjen og verkstaden til Firda Billag bør flyttast for å frigjere areal. Ho stilte òg spørsmål om det er fornuftig at Førde har fleire bensinstasjonar strødd rundt omkring i sentrum.

Trine Levanger er mellom dei som ønskjer meir handel, liv og røre i Førde sentrum. Mellom anna stilte ho spørsmål om ikkje garasjen og verkstaden til Firda Billag bør flyttast for å frigjere areal. Ho stilte òg spørsmål om det er fornuftig at Førde har fleire bensinstasjonar strødd rundt omkring i sentrum. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Tilhengarane av sentrumshandel spelte både på argument og kjensler då dei argumenterte mot storhandelspark på Brulandsvellene i Førde.

Og dei fekk applaus kvar gong.

Men etter dei to einaste innlegga som ytra støtte til Brulandsvellene – det eine frå møteleiar og ordførar Olve Grotle, og det andre frå Magne Reidar Førde – var det dørgande stilt. 

Feilvurderte interessa

Folkemøtet om kommuneplanens arealplan for 2015 – 2027 var planlagt halde i bystyresalen. Men den romma ikkje dei mange hundre frammøtte, og kantina måtte takast i bruk.

På dagsorden stod mellom anna viktige saker som bustadutvikling, næringsutvikling, parkeringsløysingar og skilt og reklame.

Størst engasjementet var knytt til kvar framtidig vekst i handel skal kome i Førde.

Administrasjonen i Førde kommune vil ha storhandelspark på Brulandsvellene. Det får dei som driv handel i sentrum til å frykte butikkdød.

5641 underskrifter for sentrum

– Viss kommunens plan om ein ny gigantisk storhandelspark på Brulandsvellene vert realisert, kjem Førde sentrum til å bli ein aude og tom by, sa Ester-Johanne Sande som representerte «La Førde sentrum leve».

Sande leverte lister med 5641 underskrifter mot den planlagde handelsparken til ordførar Grotle og slo fast at dette syner kva folk flest meiner om saka.

– Lær av Kongsberg

I staden for å leggje til rettes for handel utanfor Førde sentrum, oppmoda Sande politikarane i Førde til å finne lærdom og inspirasjon frå Kongsberg som lenge har jobba for å styrke sentrumshandelen for å skape eit levande sentrum.

– I Kongsberg har det vore brei politisk semje om ikkje å tillate etablering av handels-areal som tømmer sentrum for butikkar. Kvifor kan ikkje vi vere like modige og skape noko unikt i Førde? spurde Sande som til spontan og kraftig applaus oppmoda administrasjon og politikarar til å lytte til folkeviljen.

Brei støtte til Sande

Alvar Melvær sa at han i denne saka har veldig liten tillit til politikarane i Førde kommune.

– Då noverande handelspark på Bruland vart vedteken for drygt 10 år sidan skulle det ikkje vere detaljhandel der. Men det er jo ikkje anna enn detaljhandel der, sa Melvær som undrast på korleis kommunen skal hindre at det same skjer denne gongen òg.

To for Brulandsvellene

– Med heimel i Plan- og bygningslova kan vi setje rammer for kva handel som skal inn i ein ny handelspark, sa Grotle som meiner at dersom Førde ønskjer å vere eit regionalt senter må ein og vere positive til etableringa på Brulandsvellene.

Berre ein frå salen tok ordet og støtta Grotle.

– Vi må satse på Brulandsvellene. Ei satsing på sentrumshandel vil drukne byen i trafikk, sa Magne Reidar Førde.

Artikkeltags