– Flott oppleving, men strykkarakter for manglande informasjon!

ØNSKA MEIR INFO: Desse turkameratane måtte stå lenge i kø utan å vite kvifor. 
Til venstre Christian Michlet, med borna Theo og Thomas Matteo. Til høgre står Ole Morten Ringdal og sonen Ole Martinus.

ØNSKA MEIR INFO: Desse turkameratane måtte stå lenge i kø utan å vite kvifor. Til venstre Christian Michlet, med borna Theo og Thomas Matteo. Til høgre står Ole Morten Ringdal og sonen Ole Martinus. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

TURISME: Ole Morten Ona Ringdal og reisefølget måtte vente i kø ved Loen Skylift i 40 minutt før dei fekk greie på kvifor.

DEL

– Strykkarakter og elendig oppleving for oss to familiar!

Det sa Ole Morten Ona Ringdal då han og sonen, samt ein annan familie skulle ta Loen Skylift for første gong i dag. Dei måtte stå lenge i kø for å komme på gondolbana som vart opna i mai i år.

– Begge vognene hadde stått i 40 minutt utan noko som helst av informasjon til reisande som sto og venta i køen. Vi vurderte å droppe turen, utdjupar Ringdal.

Måtte be om informasjon

– Til slutt måtte eg gå og spørje om ikkje alle oss som sto i køen kunne få kollektiv informasjon, seier Ringdal.

Då fekk alle i køen beskjed om det var eit batteri knytt til døra som hadde slutta å fungere slik at verken dei på toppen av bana eller dei som sto i kø for å komme på, kom seg nokon stad.

Etter om lag 40 minuttar i kø, fekk dei omsider informasjon og fekk komme opp i gondolbana.

LANG KØ: Ole Morten Ona Ringdal og reisefølget sto 40 minutt i kø for å komme på Loen Skylift

LANG KØ: Ole Morten Ona Ringdal og reisefølget sto 40 minutt i kø for å komme på Loen Skylift Foto:

– Verdt ventinga

Då Firda først pratar med Ringdal har han omsider komme seg opp på stoppen av fjellet.

– Vi er på toppen no og det er veldig flott her. Borna kosar seg så ventinga var verdt det, seier han.

Likevel synest Ringdal Loen Skylift bør ta lærdom av situasjonen.

– Informasjonen burde vere betre. Det har i det store og heile vore ei god oppleving, men det verka ikkje som at dei visste korleis dei skulle gripe fatt i den delen av forretninga.

Seinare får Firda beskjed frå Ringdal at problemet framleis ikkje er heilt under kontroll.

– Det er framleis problem med dørene i den eine vogna. Den går ikkje heilt igjen og difor slår naudbremsen seg på. Akkurat no står vi difor på toppen, 25 personar inne i ei gloheit vogn, berre fem meter frå perrongen, men slepp ikkje ut, seier Ringdal og legg til at slik at det vore i 10 minutt.

Tek til seg tilbakemeldinga

Odd Rune Flo ved Skylift Loen seier dei tek til seg tilbakemeldinga frå kunden.

– Vi beklagar at kunden opplevde dette som manglande informasjon og kjem til å ta med oss dette vidare, opplyser Flo som seier han har vore i kontakt med Ringdal.

– Vi hadde informert ved starten på gondolbana og i billettluka, og hadde mange på jobb, så vi følte vi gav god informasjon, men vi tek tilbakemeldinga på alvor.

Grunnen til driftsstoppet i bana har kopling til torevêret som herja i området på måndag.

– Det var eit heilt ufarleg problem med ei dør som ikkje hadde fått nok straum på grunn av eit batteri som ikkje hadde lada skikkeleg, men etter om lag ein time med arbeid fekk vi orden på problemet, seier Flo og legg til at dei i Loen Skylift no pustar letta ut.

Artikkeltags