Måndag ettermiddag vart det sett i gong ein leiteaksjon etter ein turgåar i Leikanger.
Frivillig mannskap og redningshelikopter vart kalla ut og sendt mot staden vedkommande kunne vere.
Sakna vart funnen av pårørande og henta ned av redningshelikopteret. Ifølgje politiet hadde turgåaren, ei kvinne i 30-åra, skadar i ein fot.
– Vi fekk melding via Hovudredningssentralen klokka 17.18. Medan leitemannskap og redningshelikopteret var på veg, hadde ein pårørande klart å ta seg fram til den sakna, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.
Kvinna er flogen til Førde sentralsjukehus.
Les også
Bil køyrde utfor i Gloppen
Les også
Kollisjon mellom buss og personbil i Aurland