Måndag kveld måtte ein utanlandsk turgåar ha hjelp frå redningshelikopteret i Florø, etter å ha mista stien ved Solheimsstølen i Kinn kommune. Også frivillige redningsfolk vart kalla ut. Vedkomande hadde vore ute i vatn, og var våt og kald.

– Vedkomande vart funnen i 23-tida i god behald, og vart teken med til sjekk hos lege, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.