Måtte ta leiarjobben sjølv

Kjell Arne Hjellbrekke er vald til ny leiar i Indre Sunnfjord turlag.

Kjell Arne Hjellbrekke er vald til ny leiar i Indre Sunnfjord turlag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Kjell Arne Hjellbrekke frå Førde er den nye leiaren i Indre Sunnfjord Turlag.

DEL

Det vart avgjort på styremøte 5. januar. Dermed enda leiaren i valnemnda sjølv i denne posten som han ikkje greidde å finne villige kandidatar til. Vervet har stått tomt sidan årsmøtet i november der Ragna Renna takka av.

– Eg føler meg i grunnen litt æra. Eg er den første som er utnemnd til vervet, om lag som ein statsråd, smiler Hjellbrekke.

– Når eg har sagt ja, er det fordi eg veit vi har eit veldig kompetent styre, fastslår han.

Som leiar skal han ha ei godtgjersle på 5000 kroner. Den føreslo han å dele på styremedlemmene, utan å nå fram.

– Kanskje gir eg pengane til ein hjelpeorganisasjon, seier Hjellbrekke.

Noko av det første han vil starte med, er å få i gang DNT sitt nye ferskingkurs. Det skal motivere nye landsmenn og nordmenn som går lite på tur og kanskje føler seg utrygge, til lære seg friluftsliv på ein enkel måte.

– Vi er på trappene til å invitere folk frå asylmottak, norsksenteret og frivilligsentralen til neste styremøte. Vi ønsker å hjelpe til med integrering, seier Hjellbrekke.

Tidlegare har han vore med å starte opp Barnas Turlag i Førde og vore leiar i Hyttestyret.

Artikkeltags