Jonny skaut sjølvaste trollreinen

Spente: Det er tidkrevjande å vurdere eit hjortegevir. Frå venstre Samuel Dvergsdal, Jørn Inge Egge, Siv Merete Marås (dommarassistent), Jonny Lofnes, Knut Marås (gevirdommar) og Raymond Niiranen.

Spente: Det er tidkrevjande å vurdere eit hjortegevir. Frå venstre Samuel Dvergsdal, Jørn Inge Egge, Siv Merete Marås (dommarassistent), Jonny Lofnes, Knut Marås (gevirdommar) og Raymond Niiranen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

25 gevir vart vurderte då gevirdommar Knut Marås frå Norges Jeger- og Fiskerforbund nyleg vitja Jølster.

Sunnfjord-rein stal showet

I konkurranse med hjortegevir, dåhjortgevir frå Danmark og elggevir frå Austlandet, var det Jonny Lofnes frå Berge i Svidalen som stal showet med eit gigantisk gevir av ein reinsbukk som han skaut i Sunnfjordfjella i haust.

Geviret fekk 982 poeng, noko som med god margin sikra Lofnes gullmedalje. Dette er det nest største geviret som er kåra i heile landet etter jakta i 2014.

Heilt utruleg

– No er det ikkje vits i å jakte rein meir. Det kjem berre til å bli ein skikkeleg nedtur etter denne heilt utrulege opplevinga, seier ein smilande Jonny Lofnes til Firda.

Lofnes har jakta hjort i årevis, men jaktturen den 23. august 2014 kjem til å sitje spikra i minnet hans så lenge han lever.

Første forsøk

Lofnes er opphavleg frå Bortnen i Bremanger, men bur på Berg i Svidalen i Jølster.

Han har skote mange hjortar både i Bremanger og i Jølster, og hadde lenge hatt reinsjakt på ønskelista då høvet baud seg i haust.

– Det var full klaff på første forsøk. Vi var tre mann i lag, og takka vere kjentmann og ein solid porsjon flaks kom eg på skothald av det som synte seg å vere sjølvaste trollreinen i Førdefjella, gliser Lofnes.

Ein dryg tur

Jegerar flest veit at reinsjakt er ei langt meir utfordrande jaktform enn å skyte hjort på heimebøen. 

– Vi gjekk frå parkeringsplassen ved Dalevatnet nær Gjengedalsstølen, og derifrå var det ein dryg tur innover fjellet. Litt innanfor Rantebotnvatnet og Synet kom vi i kontakt med reinflokken.

– Såg at han var stor

Tilfella ville det slik at eit anna jaktlag kom bak reinflokken og støkte den. Det gav Lofnes sjansen han hadde venta på.

– Eg hadde høgde og oversyn då eg såg ein stor bukk heilt for seg sjølv bakarst i flokken. Og viktigast av alt; bukken var på forsvarleg skothald! seier den røynde jegeren.

Bukken vart ikkje vege, men ifølgje Lofnes vurderte oppsynsmannen bukken til å vere om lag 90 kilo, noko som er svært stort for ein rein.

– Eg såg han var stor, men ikkje at han var så stor. Du kan trygt skrive at turen heim att vart frykteleg tung, men likevel verdt kvar einaste sveittedrope! avsluttar Lofnes.

Sogningane er grøvst

Vurderinga av gevira skjedde i utstillingslokalet til Vidar Aa Djupvik i Årdal i Jølster. Djupvik er taksidermist og har drive med utstopping på heiltid sidan 2003. Dette var første gong han inviterer jegerar til å kome med gevir dei vil ha vurdert

– Her er kom òg jegerar med hjortegevir frå både Nordfjord og Sunnfjord, men ingen av dei nådde ein poengsum som kvalifiserte for gull. Lista for gull ligg høgt, seier Djupvik og legg til at gevira frå Sogn jamt over er grøvre enn gevira frå hjort frå Sunnfjord og Nordfjord.

Omfattande vurdering

Alle typar gevir vert målt på omkrins, lengde og vidde etter ein bestemt formel. Hjortegivira får òg målt rosenkrans og vekt. For hjort er éin tagg lik eitt poeng. I tillegg gjer dommaren ei vurdering av farge, struktur, taggespissar, issetaggar og krune.

Artikkeltags