Avlyser sjufjellsturen

Artikkelen er over 4 år gammel

Snølaget stoppar turlaget.

DEL

– Det er ein tung tur sjølv utan snø, seier leiar for Indre Sunnfjord Turlag, Ragna Renna.

Traseen til sjufjellsturen strekk seg over dei sju fjella kring Førde og har i ei årrekke vore tradisjon for spreke sunnfjordingar.

No ligg nesten heile traseen på vel 3 mil snødekt, og turlaget ser seg nøgde til å avlyse den årlege turen.

Det blir første gongen det skjer, i løpet av dei 22 åra turen har gått.

Fullt turprogram

 – Vi vurderte ein fire- eller trefjellstur, men det er såpass fullt av snø at sjølv det vart for vanskeleg.

Renna omtalar den 12-14 timar lange turen som ei styrkeprøve og fortel at turen over Fureviksnipa, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet, Førdsnipa passar for folk som er godt trent og ynskjer å gå langt.

– Men vi går saman, og turleiar KJell Kleiven sørgar for å få alle igjennom.

Å utsette turen til seinare på sesongen vart også vurdert, men turlaget sitt programm er allerede fulltspekka.

– Så det skulle finnast gode alternativ, seier turlagsleiaren.

Rett vest

Renna anbefalar dei som kriblar i føtene om å trekke vest

– Ut mot Askvoll, Flora og Bremanger er det mildare. Snøen har smelta og flotte turtereng ligg klare. Jølster har fortsatt mykje snø i fjella, medan det i Førde er i ferd med å komme seg, men det er ingen ting i vegen for å prøve seg fram og finne nye vegar under snøgrensa, oppfordrar ho.

– Dei sju fjella ligg der støtt, så vi tek det oppatt til neste år.

I fjor sat han i rullestol- i år gjekk han sjufjellsturen på 14 timar

Ni-åring på 14-timars fjelltur

Artikkeltags