Stillaste påska i manns minne

– Med mykje folk ute i terrenget er det både gledeleg og overraskande at vi ikkje har hatt alvorlege skadar denne påska, seier Joakim Hermansen som er operativ leiar i Førde Røde Kors Hjelpekorps.

– Med mykje folk ute i terrenget er det både gledeleg og overraskande at vi ikkje har hatt alvorlege skadar denne påska, seier Joakim Hermansen som er operativ leiar i Førde Røde Kors Hjelpekorps. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Trass i stor utfart på godvêrsdagane , er det ikkje rapportert om alvorlege skadar nokon stad i Sogn og Fjordane denne påska.

– Med så mykje folk ute i løyper og bakkar er det gledeleg, men og veldig overraskande, at ingen har skada seg, seier Joakim Hermansen som er operativ leiar i Førde Røde Kors Hjelpekorps.

Fint vêr og stor utfart

Hjelpekorpset i Førde Røde Kors har hatt folk stasjonert på Langeland Skisenter alle dagar med fint vêr og stor utfart.

– Parkeringsplassane har vore stappfulle av hundrevis av bilar, og det har vrimla med folk over alt. Folk har verkeleg kosa seg, og dei har vore flinke som har unngått alvorlege skadar, seier Hermansen som òg rosar parkeringsvaktene som gjer at det ikkje vert kaos når så mange bilar skal stillast opp.

Hermansen rosar òg løypemannskapa som gjer ein kjempeinnsats for å gje påsketuristane gode løyper å ferdast i.

– Vanlegvis skjer det eit eller anna. Til dømes at ein eller annan brenn seg når dei grillar, eller skjer seg under matlaging ute i terrenget. Men i år har det vore stilt over heile fjøla. Eg håper det er ein trend som held seg, seier Hermansen og smiler.

Ingen dramatikk i år

Inntrykket Hermansen har frå utfarten i Sunnfjord ser ut til å gjelde heile fylket.

– Vi har ikkje hatt ein einaste alvorleg situasjon denne påska, seier Margrethe Skåden som er operativ leiar i distriktsrådet for Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps.

Røde Korps har hatt vaktlag ute i felten mange stadar i fylket.

– I Sogn har vi hatt vaktlag ute i Hafslo, Luster, Lærdal, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Vik, Høyanger og Vadheim. I Sunnfjord har vi vore til stades i Jølster, Naustdal og Førde. I Nordfjord har både Gloppen og Vikane Røde Korps vore stasjonert på Utvikfjellet, og vi har òg hatt vaktlag ute i Hyen, Stryn og Svelgen.

Ifølgje Skåden rapporterer alle vaktlaga om stor utfart på godvêrsdagane, og ingen alvorlege hendingar.

– Folk er veldig flinke til å ta omsyn til vêret og dei følgjer råda vi gir. Både påsketuristane og dei friviljuge som jobbar dugnad i vaktlaga fortener skryt for at alt har gått knirkefritt i fjellet i år, avsluttar Skåden.

Er budde for fjellet

I Årdal har Norsk Folkehjelp hatt base på lagshytta «Jotnevåken» på Tyinosen, heilt på grensa til Oppland. Der har det òg vore stille og roleg denne påska.

– Det virkar som folk er godt budde for fjellet, og at dei tek sine forholdsreglar, seier Rune Hansen i Norsk Folkehjelp avdeling Årdal.

Hansen melder om stor utfart på godvêrsdagane, men det einaste dei har hatt å gjere er nokre henteoppdrag der dei har hjelpt personar med mindre skadar til bilveg eller til lege.

Artikkeltags