Desse hyttene er mest besøkt

Skongenes fyr blei mest besøkt i 2014. Her er det 15 sengeplassar.

Skongenes fyr blei mest besøkt i 2014. Her er det 15 sengeplassar. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Skongenes fyr, som blir drifta av Ytre Nordfjord Turlag, hadde 400 overnattingar i fjor. Det er mest av DNT-hyttene i fylket som er drifta av Sogn og Fjordane Turlag.

– Skongenes fyr fekk eit løft i fjor med installering av DNT-nøkkel og ei god auke i overnattingar og besøk, skriv turlaget i si årsmelding.

Skongenes Fyr ligg ved Stad på Nordvestlandet. Hytta er ikkje betent og open heile året.

Skålatårnet i Loen er drifta av Bergen og Hordaland Turlag, og blir ikkje talt med her.

Nipebu hakk i hel

Den nest mest populære hytta i fylket var Nipebu med sine 397 overnattingar. Hytta blir drifta av Indre Sunnfjord Turlag som også har Longevasshytta med 302 og på Massbu var det 34 overnattingar.

Store skilnadar

I 2014 var det berre to overnattingar i Knekkevasshytta og ei overnatting i Moldahytta som ligg under Keipen Turlag. På Martinbu dagsturhytte var det 1946 besøk i 2014.

Nyopning i øyriket

Flora Turlag fekk ny turlagshytte på Kinn som opna i fjor sommar. Der var det 25 overnattingar i 2015.

– Den er alt blitt ein populær overnattingsstad, skriv turlaget i si årsmelding.

På Gjegnabu var det 166 overnattingar i 2014, medan Blåbrebu hadde 104 og Grytadalsbu hadde 15.

På Vetledalseter som blir drive av Indre Nordfjord Turlag var det 56 overnattingar i 2014. Det viser årsmeldinga til Sogn og Fjordane Turlag.

Artikkeltags