Arve har fiska i 50 år, men noko slikt som dette hadde han aldri sett før

 Raudknurr er langt sjeldnare som vanleg knurr, og den lever frå fjøra og ned til om lag 150 meters djupne.

Raudknurr er langt sjeldnare som vanleg knurr, og den lever frå fjøra og ned til om lag 150 meters djupne. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Arve Frivik er yrkesfiskar, busett på Kyrkjebø i Høyanger kommune, og har i fleire tiår hatt fiske som både yrke og hobby.

Han har difor sett dei fleste vanlege og uvanlege fiskeslag som er å få i Sognefjorden.

Ikkje den penaste

Men då Frivik nyleg drog djupnagarn i Høyangsfjorden, vart han overraska då han såg kva som kom over ripa på Viksund-sjarken Høyang-Bjørn.

– Eg var nettopp byrja å trekkje på ei garnlekkje som stod frå om lag 30 meters djupne og nedover, då denne fisken kom sprellande over ripa.

– Eg såg ganske snart at det var ein variant av arten knurr, men noko slikt hadde eg aldri sett før, seier Frivik og legg til at han ikkje tykkjer knurr er den vakraste fisken.

– Det er jammen mykje stygt å sjå i sjøen sa mannen då han såg kjerringa bade, seier Frivik og ler.

– Men det finst mykje styggare fiskeslag i Sognefjorden enn dette! forsikrar Frivik og legg til at lengda på fisken var om lag 53 centimeter, og vekta drygt 1500 gram.

Stor raudknurr

Vel heime studerte Frivik eit oppslagsverk om fiskar, og fann ut at han hadde fått ein raudknurr (Chelidonichthys lucerna).

Frivik kan fortelje at raudknurr er den største nordeuropeiske knurrarten, og at den sjeldan vert større enn 50 cm.

– Det står òg at raudknurr finst i Atlanterhavet frå Vest-Afrika, Middelhavet og til Norge. Langs norskekysten finst han visstnok nord til Troms og vest-Finnmark, men er ikkje talrik. Og så er han sjeldnare dess lengre nord ein kjem. Du skjønar? seier Frivik.

Et ikkje knurr, men ...

Raudknurrkjøtet skal vere særs velsmakande, og i Syd-Europa er fisken visstnok ein høgt verdsett matfisk. Men Frivik let seg ikkje lokke til å ha raudknurren til middag.

– Nei, knurr har eg aldri ete. Men eg drakk ein del knurr* før i tida, seier Frivik og ler godt.

Frivik donerte til slutt raudknurren til elevar på Høyanger vidaregåande skule, der fisken  vart granska i ein biologitime.

* "Knurr" er òg dialekt for ein enkel alkoholhaldig drykk laga av vatn, sukker og gjær.

Artikkeltags