1400 påmelde

Tårnet på Skåla blei i dag kåra til den mest originale DNT-hytta i landet.

Tårnet på Skåla blei i dag kåra til den mest originale DNT-hytta i landet. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

No kan rekorden for motbakkeløpet bli sletta.

DEL

Fire veker før årets "Skåla Opp" i Loen i Stryn kommune, er nærare 1400 deltakarar påmelde. Konkurranseklassen har eit tak på 800 deltakarar, og denne blei fullbooka allereie i haust i fjor. No er det mosjonistane som melder seg, informerer Erik Brendfur, leiar i La Sportiva Skåla Opp i ei pressemelding.

Rekord i fjor

Arrangementet hadde deltakarrekord i 2012, som no heng i ein tynn tråd.

  • Sjå bildeserie frå Skåla Opp 2012 her.

– Fjordårets rekorddeltaking på 1780 registrerte på toppen kan no bli sletta, seier Brendfur.

Betre sti

Han informerer om at det på godvêrsdagar i fellesferien ikkje er sjeldan kost at er eit par hundre personar tek turen opp til det nyrenoverte Skålatårnet dagleg.

– Stien opp til Skåla er gjennom Skålastiprosjektet dei seinare åra blitt vesentleg forbetra med steinlagd sti og steintrapper. Skålastien er no betre rusta til å ta imot fleire spreke fjellentusiastar som ønskjer å besøke dette historiske og spektakulære fjellet, seier Brendfur.

Arrangementet går av stabelen 17.august.

Artikkeltags