Kvernhaugtunnelen får stengingstid dei neste tre vekene

Kvernhaugtunnelen: Arbeid forhindrar gjennomkøyring dei neste tre vekene.

Kvernhaugtunnelen: Arbeid forhindrar gjennomkøyring dei neste tre vekene. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Mellom Høyanger og Vadheim på fylkesveg 55 må du snart køyre i kolonne etter kl 20:00 på kvardagar.

DEL

Kvernhaugtunnelen på fylkesveg 5 i Høyanger blir stengt måndag til fredag frå kl. 00:00 til 05:30, og mellom 20:00 og 00:00 blir det kolonnekøyring. Avgrensingane gjeld frå 6. til 24. februar.

Statens vegvesen skal dekke tunnelveggane med betong, eit arbeid som krev lang tørketid og hindrar trafikk gjennom tunnelen fleire timar i døgnet. På dagtid og i helgane vert det likevel fri ferdsel gjennom tunnelen.

Kolonnetidene er tilpassa bussruter og blir på følgande tidspunkt:

Frå Høyangersida:

20:30
22:10
22:40
00:00

Frå Vadheimsida:

20:20
21:30
23:45

Artikkeltags