Tunnel vart stengt etter melding om rykande vogntog

RØYKUTVIKLING: Røykutvikling frå eit vogntog stengde Frudalstunnelen tysdag. Politiet vart sendt til staden.

RØYKUTVIKLING: Røykutvikling frå eit vogntog stengde Frudalstunnelen tysdag. Politiet vart sendt til staden. Foto:

Frudalstunnelen på rv. 5 mellom Skei og Sogndal vart stengt tysdag kveld. Politiet prøver no å finne årsaka til røykutviklinga.

DEL

Det melder Vegtrafikksentralen Vest klokka 18.23.

Stenginga er gjort etter at det har komme meldingar om røykutvikling frå eit vogntog på veg mot tunnelen.

Politiet skal vere på veg til staden.

Klokka 18.40 melder Vegtrafikksentralen at tunnelen er opna att. Politiet skal ha kontroll på vogntoget, og det skal vere parkert utanfor tunnelen.

Vogntoget skal stå på Sogndal-sida av tunnelen.

Trafikkoperatør Tore Evensen fortel til Firda at det skal ha komme mykje blårøyk frå vogntoget, og at dei difor såg seg nøydde til å stenge tunnelen.

Dei visste ikkje årsaka eller kvar røykutviklinga stamma frå, og per no er dette også ukjent for politiet. Dei er no på staden, og er i dialog med føraren av vogntoget.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken