Eikefettunnelen på E39 i Alver kommune vart tysdag kveld stengd grunna eit trafikkuhell. Vest politidistrikt melde om ulukka like før klokka 19.30.

Alle naudetatane rykte ut og tunnelen vart stengd som følgje av hendinga.

Leiar ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund, opplyser at det var ein bil med ein person som var innblanda i ulukka.

– Bilen har vore bort i veggen på tunnelen. Det er ikkje mistanke om rus, opplyser operasjonsleiaren. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskadar.

Litt før klokka 21.00 opplyser politiet at bilbergar har henta bilen, og at tunnelen og skadestaden er ferdig rydda.