Klokka 13.33 melde Vegtrafikksentralen vest at Skrikebergtunnelen på E39, mellom Førde og Bergen, er stengd.

Dette var på grunn av melding om ein stein som låg i vegbana.

Entreprenør var sendt til staden for å rydde, men då entreprenøren undersøkte tunnelen kunne ein ikkje finne denne steinen.

Med det kom meldinga om at vegen klokka 14.01 var opna att for fri ferdsel.