Gå til sidens hovedinnhold

Tunnel mellom Førde og Bergen stengt på grunn av trafikkulykke

Klokka 17.21 torsdag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Litle-Urdalstunnelen i Alver kommune i Nordhordland. Tunnelen er på E39 mellom Førde og Bergen.

Eitt køyretøy har køyrt i tunnelveggen. Tre personar er involverte. Klokka 17.52 melder politiet at dei er på staden. Alle tre involverte personar er ute av bilen, og er vakne og medvitne. Tunnelen er stengd inntil vidare, men bilbergar er på veg.

Vegen er no opna for fri ferdsle att.

Kommentarer til denne saken