Tunnel i Hafstadfjellet m.m.

TILTAKA: Plankartet illustrerar dei tiltaka som er omtalt i innlegget.

TILTAKA: Plankartet illustrerar dei tiltaka som er omtalt i innlegget.

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ein tunnel gjennom Hafstadfjellet frå Førde Hotel til Hafstad, vil ikkje ha nokon verknad for tidspunkt for bygging av tunnel frå Myra til Brulandsberget, så lenge all E39-trafikk (4500 bilar ved Storehaug/Myra) framleis må gå gjennom Halbrendslia, som er den store bøygen. Den store effekten med tunnelen er å fange opp trafikken på Rv5 / Naustdalsvegen, samt intern lokaltrafikk. E39 trafikken vil med tida gå utanom.

Førdepakken sin plan er – i staden for å bygge slik tunnel – å ruste opp Fjellvegen til ei hovudtrafikkåre, dimensjonert for 15.000 bilar i døgnet, og rive 3 bustadhus og ein bensinstasjon. Ei slik opprusting av Fjellvegen vil vere svært negativt for ei vidare utvikling av Sentrum Sør, og hindre direkte tilkomst frå denne, til parkeringsanlegg i fjellet.

Ved bygging av tunnel i Hafstadfjellet, kan ein behalde Fjellvegen og bygningane langs denne slik dei er i dag. Fjellvegen kan då bli ei miljøgate, med god tilkomst til Sentrum Sør, og høve til fortetting her.

Ved bygging av tunnel mellom Førde Hotel og Hafstad, kan ein utelate bruene over Jølstra til Hafstad, og over Løken, – sidan den R5 trafikken som er tenkt skal gå her, i staden vert kanalisert til tunnelen i Hafstadfjellet.

Her er det vert å merke seg at Førdepakken er basert på svært urealistisk høge prognosar, noko som går klart fram av Statistisk sentralbyrå sine tal. Og, viss Førdepakken sine mål om å få fleire trafikantar over frå bil til sykkel- og kollektivtransport slår til, så er dette også med på å gjere behovet for desse bruene unødvendig.

Bruene over Jølstra og Løken er dei to tiltaka i Førdepakken som er mest skadelege. Dei medfører at store trafikkmengder vert førde inn i – og gjennom – nye deler av sentrumskjernen, og sementerer Førde som ein reinhekla bilby. Då kan ein gløyme utsegna om at Førde sentrum er ein triveleg stad å vere.

Dersom desse to bruene – og opprustinga av Fjellvegen – blir realiserte, kjem Førde nokså fort til å få ord på seg å vere den verste og dårlegaste planlagde by / tettstad i landet. Vil då dei politikarane som har ansvaret for ei slik utvikling, stå fram og vedkjenne seg misera?






Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags