Nishammartunnelen på fv. 57 vart stengd ein liten periode etter at nokon ringde inn og melde om eit stort oljesøl.

Vegtrafikksentralen melde dette klokka 13.30 søndag, og brannvesenet vart sendt ut for å sjekke.

Klokka 13.50 vart tunnelen opna igjen. Vegtrafikksentralen opplyser at brannvesenet har vore ute og strøydd litt i tunnelen, og forsikrar at det ikkje skal vere fare for trafikantar.