Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Neste veke skal Vestland fylke vedta kulturplanen; Kultur skapar samfunn.
Ytringsfridom er ein viktig verdi i eit demokrati. Det same er trusfridom. Men den siste verdien er ofte ikkje så tydeleg uttrykt i offentlege planar.
KrF er derfor svært glade for at fylkesutvalet samrøystes støtta oss, og samarbeidspartia våre, i å ta inn klare formuleringar om temaet i innleiinga til temaet «Demokrati, deltaking og mangfald».
I forlenginga av avsnittet: «Likeverd er grunnlaget for å fremje mangfald. Mangfaldsomgrepet handlar om etnisitet, alder, kjønn, hudfarge, seksuell legning, synleg og usynleg funksjonsnedsetting, tru og livssyn. Vestland skal ha rom for mangfaldet av stemmer, og halde ytringsfridomen høgt», fekk vi inn formuleringa: «Vestland erkjenner den viktige rolla trus- og livssynssamfunn spelar for einskildmenneske og som samfunnsskapande kraft. V
Vi skal vere eit livssynsope samfunn, der folk opplever å bli møtt med respekt for livssynet sitt, og trusfridomen også vert halden høgt.»
KrF meiner formuleringa er viktig for å gje frimot til alle som bidrar til fellesskapet med aktivitetar som har eit religiøst formål og bygger på tru. Alt for ofte møter desse mistillit og tommel ned i møte med diverse allmenne ordningar. Det skal dei ikkje gjere i Vestland fylke.
«Kultur skapar samfunn» er ein viktig og god plan. Og med denne formuleringa, vart planen endå betre! Ta deg gjerne tid til å lese han og la deg inspirere.
KrF krev like vilkår for nynorsk og bokmål

Vedum veltar Vestlandet
Korleis kan fleire under 30 år få delta i arbeidslivet?

Sande: – Eg forstår frustrasjonen over at Høyanger plutseleg mistar millionar
