Trur kvinne i 20- åra ikkje hadde lov å køyre bil

Blei stoppa av politiet i Førde fredag kveld.

DEL

Ei kvinne i 20- åra blei stoppa av Up fredag kveld ved Mo og Øyrane vgs. i Førde. Politiet mistenkte at kvinna hadde teke medisinar som gjorde henne rusa og ute av stand til å køyre bil.

Kvinna blei teken med til lege for å ta blodprøver.

– Politiet sjekka bilen hennar, men gjorde ikkje nokre særlege funn, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til Firda.

Det er oppretta sak.

Artikkeltags