I ein kronikk i dagens Firda uttrykker dekan Eva Marie Halvorsen ved avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) sterk uro over framtida til høgare utdanning i Sogn og Fjordane.
Grunnen er at høgskulestyret ikkje vil diskutere ulike alternativ for fusjon med andre høgskular.
Blir for små
– Det kjem ein strukturreform i Universitets- og Høgskulesektoren. Etter reforma vil HiSF bli ein av dei minste høgskulane i landet.
Kunnskapsdepartementet er tydelege på at det vil bli vanskeleg for Høgskulen i Sogn og Fjordane å halde fram åleine som i dag, seier Halvorsen til Firda.
Styret ved HiSF har tidlegare vedteke at dei ikkje vil slå seg saman med andre høgskular. Ifølge Halvorsen er det eit teikn på at styret ikkje forstår kor alvorleg situasjonen er.
Bevaringssyndrom
– Verda endrar seg, men det kan verke som om vi i Sogn og Fjordane ikkje alltid får det med oss. Kanskje lir vi av eit bevaringssyndrom der alt skal vere slik det alltid har vore?
Halvorsen meiner at skal fylket kunne tilby eit fullverdig tilbod innan høgare utdanning også i framtida, er dialog og tingingar om ulike variantar om fusjon vegen å gå.
Ottast tvangsplassering
– Valet er å komme seg til forhandlingsbordet eller å bli tvangsplassert. Det kviler eit stort og tungt ansvar på HiSF-styret, seier Halvorsen som meiner det er spørsmål om eit vere eller ikkje vere for eit fullverdig høgskuletilbod fylket.
Slik Halvorsen vurderer situasjonen er det berre høgskulane i Volda og i Bergen som kan tenke seg å fusjonere med HiSF, noko ho tek som eit bevis på at Høgskulen i Sogn og Fjordane ikkje er så attraktiv som dei kanskje trur sjølve.
– Ei samanslåing med Høgskulen i Volda vil vere den dårlegaste løysinga for Campus Førde, fordi Volda verken har ingeniør- eller sjukepleiarutdanning. Vi må bestemme oss for kva vi ønsker å få ved ein fusjon, men òg kva vi kan gje.
Trur ikkje fusjon er det rette
Rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane ser det ikkje som problematisk at dekan Eva Marie Halvorsen offentleg flaggar usemje med styret for høgskulen.
– Dette er ei komplisert sak. Det finst argument både for å kjempe for sjølvstende, og for å slå seg saman med andre høgskular, seier Løkeland og legg til at det er viktig med offentleg debatt.
– Som dekan ved Campus Førde er Halvorsen i sin fulle rett til å formidle det ho og hennar tilsette i Førde meiner.
Men Løkeland er òg klar på at Halvorsen sitt standpunkt er i mindretal i høgskulemiljøet, sidan det i så lang tid har vore ein klar majoritet for sjølvstende.
– Men sjølvstende er ikkje det same som isolasjon. Vi har alltid samarbeidd godt med andre, og samarbeid kan gjerast sterkare og meir forpliktande.