Oppdrettsverksemda melde frå til Fiskeridirektoratet om hendinga den 23. oktober. Det er snakk om fleire hol i nota på anlegget, truleg forårsaka av pigghå.
Selskapet driv gjenfangst i området rundt anlegget og hadde per 26. oktober gjenfanga 421 regnbogeaure. Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 4 kilo.
Pigghå er ein hai i håfamilien. Tidlegare vart det drive fiske etter pigghå her i landet. I dag er arten komen på raudlista til Artsdatabanken og er klassifisert som sterkt trua. Alt fiske etter pigghå derfor forbode i norske farvatn.

Leverte millionoverskot endå ein gong, men Atle (40) skrur ned forventingane til årets resultat

– Julebord slik vi kjenner det kan vi ikkje drøyme om
