Telenor stadfesta overfor Firda at dei opplevde trøbbel med mobilnettet klokka 12:20 torsdag.
Etter meldingar frå kundar over heile landet, sette selskapet i gang ein prosess for å lokalisere og rette opp i feilen. Problemet var at kundar ikkje kunne ringe ut eller ta imot samtalar på mobil.
Kring ein time etter at Telenor først vart gjort kjend med klagane, kunne dei melde om at situasjonen var normalisert.
Pressesjef Anders Krokane fortel til Firda at dei framleis ikkje kjenner årsaka, utover at det skyldast ein teknisk feil.
Les også