NETTAVISEN: Nettsida Downdetector viser at både Facebook, Messenger, WhatsApp og Instagram har problem fredag kveld.

Alle tenestene er eigde av Facebook. Også måndag denne veka hadde Facebook store problem.

Facebook har foreløpig ikkje kommentert kva nedetida fredag kveld kjem av.

Problema ser ut til å ha starta rundt halv ni fredag kveld.

Då Facebook hadde problem tidlegare denne veka sa selskapet det at det skjedde grunna eit mislykka forsøk på å konfigurere Facebooks ruterar. Då var Facebook nede i omtrent seks timar.

Måndag fortalde kommunikasjonsrådgivar Hans-Petter Nygård-Hansen til Nettavisen at han tvilar på om vi nokon gong får vite den eigentlege årsaka til nedetida.