Trine Hunskår Vingsnes om koronasmitte i Helse Førde: – Veldig beklageleg

Fredag vart det klart at ein svensk vikarlege på Nordfjord sjukehus har testa positivt for covid-19. – Vi jobbar no for fullt med smittesporing, og håpar å få full oversikt i løpet av dagen, seier Trine Hunskår Vingsnes, direktør ved medisinsk klinikk.